[NUUG logo]
Førstesiden
Nyheter [rss]
Bli medlem
Kontakt
Informasjon
Kalender
Dokumenter
Styredokumenter
Mailinglister
Wiki
Kart
NUUG i media
Planet NUUG
Mapit
FiksGataMi
Mimes brønn

Sist endret 2017.03.08 21:10
webmaster@nuug.no

⇐ Nyheter fra NUUG

2017-03-08 - Til forsvar for Fri programvare - NUUGs prosesskriv i DNS-beslagsanke

Som oppfølging til anken i DNS-beslagsaken gikk NUUGs prosessskriv i posten i går, på dagen året etter at DNS-navnet ble beslaglagt av politiet. Vi håper argumentene om hvorfor NUUG har engasjert seg i dette er forståelig også for de som ikke har satt seg inn i saken. Hvis du synes arbeidet NUUG gjør her er viktig, så er det svært verdifullt om du støtter oss økonomisk slik at vi klarer å føre saken helt til siste konklusjon.

Saka gjeld: Anke over Follo tingretts orskurd om beslag av DNS-domenet «popcorn-time.no».

1. PROSESSUELT

Norwegian Unix User Group (NUUG) erklærer med dette partshjelp for IMCASREG8 og Internet Marketing Consults AS, jf. tvisteloven § 15-7 (b) og HR-2014-947-U. NUUG var også partshjelpar i tingretten, utan protest frå Økokrim.

NUUG ønskjer at det blir halde munnleg forhandling i medhald av straffeprosessloven § 387, 1. ledd. Det er heilt sentralt for sakas opplysning at programvara Popcorn Time vert demonstrert i retten, for å illustrere at lovleg bruk er fullt mogleg.

Det bes om løyve til at underteikna kan opptre som prosessfullmektig for NUUG i lagmannsretten, jf. domstolsloven § 223, 1. ledd.

Det opplysast om at separat prosesskriv vil bli inngitt av Elektronisk Forpost Norge.

1.1. Grunnlaget for partshjelpa

NUUG er ei ikkje-kommersiell foreining som arbeider for spreiing av UNIX-liknande system, fri programvare og opne standardar i Noreg. Foreininga blei danna i 1984 med det formål å auke interessa for bruk av UNIX, og å stimulere til utveksling av informasjon og erfaring mellom brukarar. NUUG er den norske greina av den internasjonale organisasjonen USENIX («The Advanced Computing Systems Association»). NUUG har i dag totalt 241 medlemmer. NUUG vert representert ved og dagleg drifta av eit styre beståande av fem medlemmer.

Bilag 1: Norwegian Unix User Groups vedtekter.

Beslaget i denne saka bidreg til utryggleik blant medlemma i NUUG om kva som lovleg kan publiserast utan å risikere beslag og strafferettsleg forfølging. Dette gjeld særleg sidan eit hovudpoeng med fri programvare er deling, og det at det blir drive mykje frivillig informasjons- og rettleiingsverksemd i regi av NUUG og medlemma. Eit beslag som nettopp er grunngjeve i at slik informasjonsverksemd utgjer straffbar medverking, grip direkte inn i foreininga sitt formål og naturlege verkeområde.

Programvare som Popcorn Time er såkalla «fri programvare». Fri programvare, eller open kjeldekode som det også vert kalla, inneber at ein har høve til å endre, forbetre, spreie og dele programvara utan hinder av opphavsrett. Det vil seie at ein kan lage nye løysingar basert på eksisterande programvare utan at ein må byrje på nytt kvar gong. Når ein så byggjer vidare på fri programvare, kan ein dele sin endra versjon, som andre så igjen kan studere og vidareutvikle – anten for å forbetre produktet til nytte for fellesskapet, eller for å tilpasse produktet til sin bruk. Fri programvare inneber også at ein kan reparere programvare sjølv dersom ein finn feil, på same måte som ein kan reparere andre eigendeler. Det er dette som skil fri programvare frå lisensiert programvare, der ein berre får lov til å bruke programvara, utan å ha høve til å endre eller forbetre den, verken til eigen eller fellesskapets nytte.

Eit eksempel på vellukka bruka av fri programvare, er Linux, som brukast i fleirtalet av verdas smarttelefoner. Den mest kjente varianten er Android. Eit anna eksempel er LibreOffice, som er basert på OpenOffice og er eit mykje brukt alternativ til Microsoft Office.

Bilag 2: Informasjonfolder om fri programvare utarbeida av NUUG

At NUUG er tilhengjarar av fri programvare, inneber likevel ikkje at dei er motstandarar av opphavsrett generelt eller støttar slik bruk av Popcorn Time som utgjer krenking av opphavsrett. Sjølv om Popcorn Time også kan brukast til å spreie opphavsrettsbeskytta materiale, er langt frå all bruk av Popcorn Time ulovleg. NUUG vil halde fram at å beslaglegge DNS-domenet popcorn-time.no er eit ulovleg, uproporsjonalt og ueigna tiltak for å motverke ulovleg spreiing av opphavsrettsbeskytta materiale. Beslaget er retta mot ei nettside som innehaldt informasjon om ei lovleg programvare, som både kan brukast og som blir brukt til lovlege formål. Nettsida åtvara også brukarane om at nokon former for bruk av Popcorn Time kunne medføre brot på opphavsrett. På popcorn-time.no var det vidare informasjon om «Butter Project», som er ein modifikasjon av Popcorn Time som berre gjer oppslag i fri-lisensierte innhaldskatalogar som vodo.net, archive.org og CCC Media. Denne modifikasjonen av Popcorn Time illustrerer etter NUUG si oppfatning godt nytta av fri programvare. NUUG ser det som eit paradoks at Økokrim vel å ta beslag i ei nettside som faktisk informerer i korleis programvare kan brukast til å unngå krenkingar av opphavsretten.

2. BAKGRUNN - FAKTUM

For å lettare belyse NUUG sine argumenter i saka, meiner vi det er hensiktsmessig å gjere greie for faktum i noko større grad enn det som følgjer av Follo tingretts orskurd og Økokrims avgjersle om beslag.

2.1. Teknologien - begreper

Av omsyn til sakas opplysing finn vi det hensiktsmessig å gjere nokre begrepsavklaringer.

Programvara Popcorn Time kombinerer tre teknologier – nemleg Bittorrent, videoavspeling og oppslag i katalogtjenester.

Bittorrent er eit «peer to peer»-system for å distribuere datafiler i eit nettverk. Det fungerer slik at kvar deltaker i nettverket både er mottaker og videredeler av filer, noko som bidreg til effektiv distribusjon og utnytting av bandbredde. For å bruke Bittorrent-teknologi treng brukaren ein «bittorrent-klient». Det finns mange forskjellige bittorrent-klienter for dei aller fleste datasystem. Popcorn Time har slik funksjonalitet integrert, det same har den norske nettlesaren Opera.

Popcorn-Time.io, Butter og deira variantar som alle går under samlenemninga Popcorn Time, får innhald frå kjelder som gjerne kallast katalogar. . Katalogane inneheld metadata, som peikar brukaren vidare til der ein kan laste ned materiale frå.

2.2. Popcorn-time.no og Popcorn Time

Popcorn-time.no var domenenamnet til ei nettside som ga informasjon om programvara Popcorn Time i ulike variantar. Nettsida lenka også til andre nettsider der programvara kunne lastast ned. Det er mogleg å strømme opphavsrettsbeskytta innhald gjennom noko av dei programma som går under namnet Popcorn Time, men sjølve programvara er ikkje ulovleg. Som nemnd over, er også mykje fritt innhald tilgjengeleg, blant anna under såkalla «Creative Commons»-lisensar. Teknologien som brukast i Popcorn Time er BitTorrent-protokollen.

Innehavar av popcorn-time.no var også bevisst på at programvara kunne misbrukast, og tok aktive skritt mot å hindre misbruk blant anna ved at følgjande tekst var tydeleg på hovudsida:

Før du fortsetter, bør du være klar over at bruk av Popcorn Time og lignende kan være ulovlig. Mye av innholdet i disse tjenestene er opphavsrettsbeskyttet materiale som deles og lastet ned uten tillatelse fra eierne og produsenter av materialet. Bruk av disse tjenestene vil ofte resultere i et brudd på opphavsrett, avhengig av hva du ser. Hvis du likevel velger å bruke tjenestene du lese om på dette området, gjør du det på egen risiko, og det anbefales å følge loven.

3. MEDVERKING

3.1. Innleiing

På bakgrunn av faktum og NUUGs kjernesaker som nemnd tidlegare i dette skriv, er NUUG særleg bekymra for Økokrims påstand og Follo tingretts konklusjon om at det ligg føre straffbar medverking. Vi vil difor knytte nokon særlege merknader til denne problemstillinga i det følgjande.

NUUG vil halde fram at det ikkje ligg føre straffbar medverking, og at beslaget difor må hevast. Økokrim har grunngjeve beslaget i straffeprosesslova § 203 første ledd jf. § 205 første ledd, som angir at det kan tas beslag i «ting som antas å kunne inndras». Økokrim har vidare vist til straffeloven § 69, som opnar for inndraging av ting som «er frembrakt ved, har vært gjenstand for, eller har vært brukt eller bestemt til bruk ved en straffbar handling». Det underliggande straffbare forhold i saka er hevda å vere medverking til brot på åndsverkloven § 2, jf. § 54 første ledd, jf. tredje ledd, jf. straffeloven § 15.

Straffelova § 15 slår fast at «Et straffebud rammer også den som medvirker til overtredelsen, når ikke annet er bestemt». Dei nærmare grensene for medverkingsansvaret følgjer av fast og langvarig norsk rettspraksis. Den nye straffelova er ikkje meint å endre rettstilstanden på dette punkt, jf. Ot.prp. nr 90 (2003-2004), kap. 30.1 (merknaden til § 15).

Medverkeransvaret skal ramme personar som, utan sjølv å ha utført den aktuelle straffbare handlinga, har utvist det minimum av straffverd som ei handling i samsvar gjerningsskildringa krev.

Før vi drøftar medverking vidare, er det grunn til å presisere kva den straffbare handlinga hovudpersonen utfører faktisk består i. Den aktuelle straffbare handlinga er tilgjengeleggjering av eksemplar i strid med åndsverklova § 2. I praksis skjer tilgjengeleggjeringa ved at opprinneleg opplaster gjer ein bittorrent-pakke tilgjengeleg på nettet. Deretter må referanse til eller informasjon om opphavsrettsbeskytta materiale plasserast i ein katalogtjeneste. Ein måte å gjere oppslag i desse katalogtjenestane på, er via programvara Popcorn Time. Det er altså ikkje Popcorn Time som gjer materiale tilgjengeleg, men den som gjer materiale tilgjengeleg for søk via Popcorn Time eller på andre måtar. Ein treng ikkje Popcorn Time for å få tilgang til slikt materiale, men kan finne det med ein vanleg nettlesar om ein kjenner nettadressa.

3.2. Eventuell straffbar medverking for Popcorn-time.no

Den viktigaste rettslege problemstillinga i denne saka er om det innehavar av popcorn-time.no har gjort, nemleg å bidra til spreiing av ei programvare og å informere om korleis den kan brukast, er nok til å slå fast straffbar medverking til brot på åndsverklova § 2.

Follo tingrett har i sin orskurd grunngjeve konklusjonen om straffbar medverking slik:

Programvaren Popcorn Time gjør filmer og TV-seier tilgjengelig for allmennheten uten opphavsmenns samtykke. Nettsiden https://popcorn-time.no oppfordret besøkende til å laste ned denne programvaren. Nettsiden inneholdt lenker til andre nettsider hvor programvaren enkelt kunne lastes ned. I en "disclaimer" ble besøkende varslet om at programvaren kunne være ulovlig. Likevel ga nettsiden detaljert veiledning om hvordan programvaren skulle installeres og brukes. Nettsiden ble jevnlig oppdatert og vedlikeholdt.

Retten er ikke enig med de begjærende parter i at nettsiden bare inneholdt en generell omtale av programvaren. Nettsiden synes å ha oppfordret til, tilrettelagt for og bidratt til muligheter for økt bruk av programvaren i det norske marked. Etter en samlet vurdering er retten derfor kommet til at det foreligger skjellig grunn til mistanke om et straffbart forhold, nærmere bestemt medvirkning til overtredelse av åndsverkloven § 2, jf. lovens § 54 første ledd bokstav a og straffeloven § 15.

Den siterte skildringa gjev inntrykk av at tingretten ser på sjølve programvara som ulovleg. Det er ingenting i grunngjevinga som drøfter forholdet mellom popcorn-time.no og gjerningane til hovudpersonen. Dette gjer det vanskelegare å sjå på kva måte tingretten meiner at popcorn-time.no medverker til ulovleg tilgjengeleggjering av opphavsrettsbeskytta materiale.

I norsk rett er det vanleg å snakke om tre former for medverking: Fysisk, psykisk, og «passiv» (medverking i form av unnlating). Tingretten si skildring sitert over gjer grunn til å drøfte kva for alternativ som kan vere aktuelt.

Det kan ikkje vere tale om fysisk medverking i denne saka. Popcorn Time er ei programvare med lovleg teknologi og mange lovlege bruksområde. Programvara er samanliknbar med verktøy som datamaskiner, telefonar, nettlesarar eller USB-kablar. Alle desse verktøya kan potensielt brukast til forskjellige kriminelle handlingar, for eksempel framsetting av truslar eller overføring av opphavsrettsbeskytta materiale. Det gjer likevel sjølvsagt ikkje verktøya ulovlege. Å tilby og informere om slike verktøy kan difor ikkje utgjere straffbar medverking, og det same gjeld for Popcorn Time.

Neste alternativ er om det ligg føre psykisk medverking. Med psykisk medverking tenkjer ein på tilfelle der «tiltalte positivt har tilskyndet til handlingen eller styrket gjerningspersonens forsett», jf. Rt. 2014 s. 930 avsnitt 11.

Spørsmålet blir om popcorn-time.no ved å gi informasjon og lenke til programvara Popcorn Time, kan seiast å ha positivt tilskynda til (oppfordra til) ulovleg spreiing av opphavsrettsbeskytta materiale, eller styrka forsettet til gjerningspersonen til å foreta slik spreiing.

NUUG kan ikkje sjå at det låg føre nokon oppfordringar av noko slag på popcorn-time.no til ulovleg deling av opphavsrettsbeskytta materiale. Nettsida oppfordrar og gir rettleiing i bruk av Popcorn Time, men ga ingen spesifikk informasjon om opphavsrettsbeskytta materiale eller oppfordra på nokon måte til slik bruk av programvara. Tvert derimot innehaldt sida følgjande tekst, nettopp for å hindre misbruk av programvara:

Før du fortsetter, bør du være klar over at bruk av Popcorn Time og lignende kan være ulovlig. Mye av innholdet i disse tjenestene er opphavsrettsbeskyttet materiale som deles og lastet ned uten tillatelse fra eierne og produsenter av materialet. Bruk av disse tjenestene vil ofte resultere i et brudd på opphavsrett, avhengig av hva du ser. Hvis du likevel velger å bruke tjenestene du lese om på dette området, gjør du det på egen risiko, og det anbefales å følge loven. (vår utheving og understreking)

Det låg altså ikkje føre nokon positiv tilskynding, men derimot positiv oppfordring til å avstå frå ulovleg bruk av Popcorn Time.

Det siste alternativet er om det ligg føre straffbar medverking i form av passivitet.

Den klare hovudregelen i norsk rett er at passivitet frå medverkeren ikkje kan gi grunnlag for straff. Passivitet kan berre medføre straffansvar dersom den passive har eit særleg band til saka, og soleis har ei særleg plikt til å forhindre den straffbare handlinga.

I denne saka står popcorn-time.no i alle høve for langt frå dei straffbare handlingane til at ansvar for passiv medverking kan vere aktuelt. Den ulovlege delinga skjer ikkje gjennom popcorn-time.no. Nettsida har ingen kontroll med kven som lastar ned programvara, og ikkje kva programvara brukast til. Dersom det skulle vere medverking å berre informere om programvara slik popcorn-time.no gjorde, følgjer det logisk at ein kvar som informerer om lovlege produkt som har eit potensiale for misbruk, kan hamne i straffansvar. Norsk strafferett bygger ikkje på eit så strengt ansvar for medverking.

Det avgjerande i tvilstilfeller om medverking, er straffverdigheita av den aktuelle atferd og preventive omsyn. Som det er argumentert for over, er bruk av og informasjon om fri programvare ønskeleg i eit moderne, teknologidrive samfunn. Det er lite straffverdig i det å legge til rette for dette. NUUG ser ikkje heilt vekk i frå at DNS-domenebeslag kan vere eit aktuelt tvangsmiddel mot domene som positivt oppfordrar til lovbrot. Popcorn-time.no er derimot ikkje eit slikt domene.

.....

4. AVSLUTTANDE MERKNADER

Då Norwegian Unix User Group opptrer som partshjelpar leggjast det ikkje ned sjølvstendig påstand, men det erklæres partshjelp for ankas prinsipielle påstand nr 1 og 2, samt dei subsidiære påstandande nr. 1 og 3.

-o0o-

Prosesskrivet med bilag er sendt Follo Tingrett i fire – 4 – eksemplar.

I tillegg er to eksemplar sendt motpartens prosessfullmektig.

Kopi er også sendt elektronisk per e-post.

Oslo, 7. mars 2017
Advokatfirmaet Føyen Torkildsen AS

Kjetil Wick Sætre
Advokatfullmektig
kws (at) foyentorkildsen.no

Nå venter vi spent på prosessskrivet fra EFN, og respons fra motpart og domstol.

Tagger: dns-domenebeslag, nuug.