[NUUG logo]
Førstesiden
Nyheter [rss]
Bli medlem
Kontakt
Informasjon
Kalender
Vedtekter
Dokumenter
Styredokumenter
Mailinglister
Wiki
NUUG brosjyre
Kart
NUUG i media
Planet NUUG
Mapit
FiksGataMi
Mimes brønn

Sist endret 2024.03.13 22:15
webmaster@nuug.no

Medlemsmøte 2001-08-15: Effektiv bruk av spreidde, ikkje-dedikerte CPU-ressursar

Medlemsmøte onsdag 15. august 2001 kl. 1830 på Jeppe, Restauranthuset på Vindern, Slemdalsveien 70 (ved Vindern stasjon), Oslo

Slidene er tilgjengelig på elektronisk format.

Dei siste åra har arbeidsstasjonar fått stadig kraftigare CPU, og forskjelen i CPU-kraft mellom arbeidsstasjonar og tenarmaskiner er ikkje lenger signifikant. Viss ein treng mykje CPU, er det gjerne meir å hente ved å bruke ledig CPU på arbeidsstasjonane rundt omkring, enn ved å kjøpe ein Cray. Dette syner seg og i trenden med å kjøpe mange rimelege PCar og lage seg eit cluster framfor å kjøpe _ei_ rask maskin.

Kvelden vil handle om korleis ein temmer arbeidsstasjonar, og gjer CPU-krafta tilgjengeleg for oppgåver som treng ho. Utan å komme i klammeri med "eigaren" av arbeidsstasjonen, dvs. at det trengst mekanismar for å

Dei fleste har høyrt om SETI@home, DES Challenge og liknande prosjekt. Dei baserer seg på at tilfeldige brukarar køyrer ein spesiell klient som får ei blokk med arbeid frå ein tenar, reknar på det og sender tvilsam verdi, men konseptet vert og brukt til tilsvarande prosjekt med nyttige formål. Til dømes å finne sikrare måtar å lagre radioaktivt avfall, medisinsk forskning, klimaforskning, genforskning, og til å løyse ulike matematiske problem.

Lokale bruksområde for ein pool av laust tilknytta private arbeidsstasjonar kan vere alt frå kvantefysiske simuleringar, rendring av bilete med POV-Ray, koding av filmar eller MP3, til å prøve å knekke passorda til brukarane sine før nokon andre gjer det. Eller til prosjekt av rein hack-verdi, som å lage seg eit passande passord..:

 
    [sturle@sybil]~ $ ypmatch sturle passwd
    sturle:sunde0lPERL8Y:30308:27502:Sturle Sunde:/div/tassen/u2/sturle:/local/gnu/bin/bash
  

Få slutt på lediggang blant arbeidsstasjonar. Bruk dei heller til å finne ein kur mot kreft eller til å løyse eit matematisk problem.

Foredragsholder: Sturle Sunde
Surle Sunde jobber på USIT ved Universitetet i Oslo.

Påmelding sendes: sekretariat@nuug.no senest 2001-09-11.