Norwegian Unix User Group Referat styremøte 2009-01-21, 17:30-18:45, Forskningsveien 3b, Oslo Styremedlemmer: Petter Reinholdtsen, Jon Petter Bjerke (skype), Håvard Fosseng, Christer Gundersen (pots) Varamedlemmer: Gaute Nessan, Lars Solberg Forfall: Ole Kristian Lien 2009-18 Godkjenning av referat Referat frå styremøtet 2009-03-23 vart sendt ut 2009-04-06 og er å rekne som automatisk godkjent. Orienteringar 2009-19 Opptak og endringar av medlemmer Styret gjekk gjennom oversynet over talet på medlemmer i ulike kategoriar. Håvard lærer seg å bruke skripta som vert brukte for å generere oversyn til bruk på styremøta. 2009-20 Høyringar om obligatoriske IT-standardar i offentleg sektor Høring om 2. versjon av standardkatalogen vart levert 13. mai. Høyring om forskrift om obligatoriske IT-standardar i offentleg sektor har frist 8. juni. Arbeidet er i gang. Høyringsbrevet frå departementet finst som PDF-vedlegg til RT-sak 2108. 2009-21 Økonomistatus Vi har så langt i år brukt 48364,- og har lagt opp til å bruke 184000 i løpet av året. Vi kjem til å nytte noko av potten for «interessante prosjekt» på fiksgatami. Christer ser kva vi kan få gjort for 20000, med seinare søknad til NUUG foundation og eventuelle kommunar som kan vere pilot. Ein pilot-kommune kan seinare søkje om pengar til vidareutvikling frå DIFI sin relativt store pott. Vi kan òg Søkje Friprog-senteret og FAD om meir middel. 2009-22 Nytt system for medlemsregister Vi kan antan vidareutvikle memberdb, sjølve lage noko nytt eller få nokon til å lage noko nytt. Jon Petter skriv eit par avsnitt om kva vi treng og postar til medlemmene med spørsmål om nokon kan ta jobben eller veit om nokon som kan ta jobben. Oppfølging av tidlegare saker 2009-15 Prisen for fri programvare 2009 Komitéen vurderer å dele ut fleire prisar. Studentpris og «årets friprog-kommune» kan vere aktuelle. Den siste bør ha eigen jury, men Christer kan trekkje på andre for å få dette til. Spørsmål om jurymedlemmer er sendt ut, wiki er sett opp og arbeidet med å finne utdelar er i gong. To framlegg til store namn så langt: Jimmy Wales (Wikipedia) skal til Noreg i veke 42, med seminar i Bergen og Oslo. Scott McNealy (Sun) skal hit i løpet av hausten. Christer sjekkar med høgskolen i Østfold. 2009-17 Spørjeundersøking Håvard sender ut kort rapport om resultata frå i år og i fjor. Vedtakssaker 2009-23 Innspel frå revisor om rekneskapløysinga vår Revisor har hatt visse merknader til formelle sider ved rekneskapsføringa i året som har gått. Lodo gjev vesentleg større fridom til å gjere endringar enn tradisjonelle rekneskapssystem, og følgjer på dette området ikkje rekneskapslovgivinga. Det er likevel truleg mogleg å etterleve krav frå revisor ved å vere disiplinert med rekneskapsføringa. Vi er ikkje rekneskapspliktige i lova sin forstand, så vi kan velje om vi vil følgje reglane. Vi oversender brevet til Lodo og bed om kommentarar. Basert på tilbakemeldinga kan vi vurdere om vi vil fortsette med Lodo eller om vi må tenkje på å konvertere til eit meir tradisjonelt rekneskapssystem. Jon Petter følgjer opp. Eventuelt Petter er i samarbeid med nokre andre om å arrangere eit ODF-seminar til hausten. FriProg kan nok stille med nokre kroner. Sommarfest Christer og Ole Kristian har snakka med Bjørn Venn og Thomas Gramstad. Ingen av dei kan den opphaveleg planlagte dagen. Vi endrar datoen. Dette bør ut på kalender snarast råd og annonserast. Christer og Ole Kristian tek saka. Førre medlemsmøte fiksa vi streaming til Stavanger. Folk der var nøgde og vil gjerne gjere dette om att. Christer har lyst til å konvertere NUUG sin webstad til nyare teknologi. Første styremøte til hausten 25. august klokka 1930. --------------------------- ------------------------- Petter Reinholdtsen Jon Petter Bjerke -------------------------- ------------------------- Håvard Fosseng Christer Gundersen