Norwegian Unix User Group Agenda styremøte 2007-09-24, 18:00 - 19:30, UiO/USIT Styremedlemmer: Petter Reinholdtsen, Ole Kristian Lien, Håvard Fosseng Jon Petter Bjerke (skype), Peter N. M. Hansteen (skype/POTS) Varamedlemmer: Gaute Nessan Forfall: Runar Ingebrigtsen 2007-64 Godkjenning av referat Referatet er automatisk godkjent. Signeringsrunden: Jon Petter -> Peter -> Håvard -> styremøte RT-ticket til Jon Petter om å signere og poste skal leggast ut når referatet vert lagt ut. 2007-65 Opptak og endringar av medlemmer Vi har ein backlog av innmeldingar. Styret godkjenner de nye medlemmene og tar utmeldingane til etterretning. 2007-66 LINUXmagasinet legger ned bladet Vi skal ha fått pengane tilbake på konto. Upraktisk å slå av på kontingenten til dei medlemmene som har uteståande nummer på abonnementa sine. Ole Kristian skal spore opp abonnentane og spørje dei kva dei vil skal gjerast. Ettersom det er tale om små beløp og (relativt sett) høge transaksjonskostnader vil vi berre gjere tilbakebetaling til dei som eksplisitt seier at dei vil ha det slik. 2007-67 Standardarbeide / OOXML-saka NUUG Foundation er melde inn i SN/K-185. Noreg og ISO har i første omgang sagt nei til OOXML som ISO-standard, men saka kjem opp att i februar. Standard Noreg har planar om å gjenopprette standardkomiteen for OS og programmeringsspråk (K 180) 2007-68 Endring i posthandtering frå City Self-Storage Fakturaer frå City Self-Storage skal no gå rett til NUUG-leiaren. 2007-69 Nye medlemskategoriar (utan USENIX) frå nyttår Jon Petter og Gaute får på plass det som trengst for å handtere nye medlemskategoriar, og skal handtere backlogen. Oppdatering av registeret og fakturering bør vere to forskjellege hendingar, der siste på sikt vert automatisk trigga av den første. 2007-70 Ny fast postadresse Dette er oppfølgar av sak 2007-61 om nye sekretariattenester. Jon Petter spør om lageret (City Self Storage) kan skaffe oss postboks, i første omgang for eit år. Ole Kristian skal i så fall hente ting der. Han skal òg gå gjennom sekretariatloggen i RT og kontakte avsendarane om ny postadresse for NUUG. 2007-71 Prisen for fri programvare Styret si godkjenning av juryen sitt vedtak må gjerast per e-post. Dei som ikkje svarar fort vert oppringte. 2007-72 Eventuelt SLX Debian Labs får bruke vår RT. Petter implementerer. Ole Kristian tek jobben med å hente postliste frå RT. (Håvard lagar RT-sak på det.) ------------------------- ------------------------ ----------------------- Petter Reinholdtsen Peter N. M. Hansteen Jon Petter Bjerke ------------------- --------------------- Håvard Fosseng Ole Kristian Lien